Søk i denne bloggen

søndag 25. november 2018

Artig feil i Bokhylla

Eg skulle kikka på boka Morgenland av Aleksandr Čakovskij, og byrja å lesa. Eg vart veldig overraska, det sto at boka skulle vera bygd opp rundt 15 prinsipp for ein god seljar. Etter det eg visste handlar romanen om den sosialistiske oppbygginga av Sakhalin-halvøya. Dette var meir eksperimentelt enn eg hadde venta frå ein sovjetisk roman. Så viser det seg at Nasjonalbiblioteket har blanda bøkene, og i staden for lagt inn Heinz Goldmanns Kunsten å selge. Då må ein til Arbeidernes Antikvariat for å få lese boka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar