Søk i denne bloggen

tirsdag 11. desember 2018

Norske utgåver av det kommunistiske manifestet

Ivar Dillan leverte tidlegare i år ei masteroppgåve om dei ulike utgåvene av Det kommunistiske manifestet på norsk, Et spøkelse gaar omkring i Europa – en undersøkelse av de tre første norske oversettelsene av Det kommunistiske manifestet. Han listar opp sju ulike omsetjingar.

På Bokhylla kan vi finna dei fleste av desse.

Det kommunistiske manifest Det norske arbeiderpartis forlag, Kristiania, 1918
Omsett av Olav Kringen. Har eit føreord av Karl Kautsky.

Det kommunistiske manifest Det norske arbeiderpartis forlag, Kristiania, 1919
Omsett av Valborg Sønstevold. Har eit føreord av Edvard Bull.

Det kommunistiske manifest Det norske arbeiderpartis forlag, Oslo, 1938
Omsett av Valborg Sønstevold, modernisert og fornorska. Har eit føreord av Trond Hegna.
Ny utgåve frå Arbeidernes Opplysningsforbund, Oslo, 1964.

Det kommunistiske manifest Ny Dag, Oslo, 1945
Omsett av Tom Rønnow. Har med alle føreord Marx og Engels skreiv. I 2005 ga De norske bokklubbene ut manifestet i ei omsetjing av Tom Rønnow, men eg veit ikkje kor mykje som er endra i den utgåva. 

Det kommunistiske manifest Ny Dag, Oslo, 1957
Omsett av Harald Holm. Har med alle føreord Marx og Engels skreiv. Har med Til Kommunistenes forbunds historie og Statutt for Kommunistenes Forbund.
Ny utgåve 1969. Det ser ut til å vera denne utgåva som ligg på Marxists Internet Archive.
Omsett av Morten Falck. Har eit føreord av Jorun Gulbrandsen. Denne utgåva ligg ute formatert i HTML her.

Arbeidarpartiet ga ut ei nynorsk omsetjing i 1921, men den ligg ikkje på Bokhylla. Marxist forlag har gjeve den omsetjinga ut på nytt.

Sosialistisk Opplysningsråd ga ut ei eiga omsetjing av Det kommunistiske partis manifest i 1970, som kom i ei ny utgåve på Oktober i 1975.

Kollektivet Sentralkomiteen ga ut manifestet som Det kommunistiske partis manifest i ei omsetjing av Leif Høghaug i 2016. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar