Søk i denne bloggen

søndag 25. november 2018

Publikasjonar frå mindre venstresidegrupper på Bokhylla.no og Digitalt Museum

Det finst ein del godbitar frå organisasjonane utanom SV, NKP og ml-rørsla på bokhylla.no, men dei er ikkje lette å finna tykkjer eg. Eg prøver å samla det eg kjem over her, og posten vil vonleg verta oppdatert etter kvart.

Tidsskriftet Oktober - Oktobergruppa

Tidsskriftet Oktober vart utgjeve av Oktobergruppa, som var norsk seksjon av den 4. internasjonale, og redigert av Jeanette Olsen.
På Bokhylla.no ligg heftet Jeg innestår med mitt liv! Trotski's telefontale til massemøtet på New York's Hippodrom (Oslo 1937). Denne teksten er også digitalisert på marxists.org, og vart gjeve ut på nytt av ei nyskipa Oktoberguppa på 1970-talet.

Oktobergruppa (1970-talet)

Ei ny trotskistisk gruppe med namnet Oktobergruppa vart skipa på 1970-talet. Dei ga ut Opptakt-brosjyrene, og på bokhylla ligg Stalinisme og bolsjevisme : jeg innestår med mitt liv (Oslo 1974). Boka Studier i revolusjonær marxisme er også digitalisert, men ikkje gjort ålment tilgjengeleg.


Kommunistisk arbeidsgruppe (Glenne)

Denne gruppa veit eg ikkje noko om anna enn at eg gjettar den var med i Kommunistiske arbeidsgrupper. Dei ga ut to hefte med tekstar av den danske kommunisten Gotfred Appel.

Glenne ligg i Halden. Ein kan lesa meir om og av Gotfred Appel på snylterstaten.dk.

Kommunistisk Arbeidsgruppe / Bergen

Framsida på Arbeidsdokument nr 5.

Kommunistisk Arbeidsgruppe i Trondheim

Framsida på Kommunist.

Kommunistisk Universitetslag

Kommunistisk Universitetslag vart stifta i Oslo i 1973, og fekk avdelingar i andre universitetsbyar.
På Bokhylla.no ligg KUL 2 år, ei bok som samlar artiklar og anna materiale frå dei to fyrste åra til KUL. KUL vart etter kvart studentorganisasjonen til Kommunistisk arbeiderforbund.

Kommunistisk arbeiderforbund

KA vart danna av folk som hadde vore i Marxist-Leninistisk Front, ein antirevisjonistisk fraksjon i NKP. Dei gjekk med i den partiførebuande organisasjonen Marxist-leninistiske grupper, men ein del braut ut før AKP (m-l) vart skipa og starta Kommunistisk Arbeiderforbund.
På Bokhylla.no ligg Marxistiske hefter 1, AKP i norsk politikk (2. utg. Oslo 1978) av Stein Hoftvedt.
Framsida på Røde Fane 2-1975.

Marxistiske Arbeidsgrupper

Dette er ikkje frå NB, men eg ville gjerne dela dette biletet frå Digitalt Museum av framsida på ein pamlflett frå Marxistiske Arbeidsgrupper, Parlamentarisme eller masseaksjon?. Legg merke til gåseaugo rundt "Marxistiske".

Marxistisk Forum (Tromsø)

Nok eit bilete frå Digitalt Museum, framsida på heftet Faglig 1. mai-front - klassekamptog eller folketog?, sannsynlegvis frå 1975.

Bodø Anarkistiske Liga

Framsida på heftet Mot ei ny revolusjonær rørsle? 

Rådsmakt

"Teoretisk tidsskrift for frihetlig analyse". Framsida på Nasjonalitetspørsmålet - fagbevegelsen.

Anarkobanditten

Her er det berre eit veldig uleseleg bilete av framsida på utgåve nr 1.

Frihetlige sosialister

Plakat: "En pamp er en pamp er en pamp".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar