Søk i denne bloggen

søndag 13. januar 2019

Bokverk-seriane frå Studentmållaget i Oslo – fyrste del

Studentmållaget i Oslo (SmiO) gjorde eit stort arbeid for å gje ut klassikarar på nynorsk, i samarbeid med Det norske samlaget. Dette vart kalt Nynorsk klassikarbibliotek. Smio har eit nyttig oversyn over serien med omsetjingar av verk frå gamaltida (antikken) på gresk og latin, Klassiske bokverk. Dei andre seriane var Austerlendske bokverk, Bokverk frå millomalderen og Norrøne bokverk.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har skrive eit godt stykke om desse bøkene, Konstruksjonen av eit nynorsk kulturfelt. Det norske samlaget og klassikarane (s 201-225).

Sigmund Skard har skrive ein bibliografi over klassikarbiblioteket, Nynorsk klassikarbibliotek, ei bokliste, og det er den eg nyttar for å lista opp dei bøkene som er tilgjengelege på bokhylla. Føredraget Ganges strøymer i Byglandsfjord heldt han på bakgrunn av bibliografien.

Austerlendske bokverk

1. Kālidāsa: Sakuntala. Spel i sju vendingar. Omsett frå sanskrit av Olav Rytter. 1929.
2. Soga um Sindbad Farmann – eit eventyr or Tusund og ei natt Omsett frå arabisk av Alexander Seippel. 1929.
3. Rigveda. Fem og femti hymnor i utval. Omsette frå vedisk av Olav Rytter. 1932.

Klassiske bokverk

SmiO har eit godt oversyn på nettstaden sin, men dei har ikkje med bok 26 i serien. Eg reknar med at det er av di det ikkje står på omslaget at ho er gjeve ut som del av samarbeidet mellom SmiO og Samlaget.

26. Augustin: Confessiones (Bok I-IX). Omsett frå latin av Åsmund Farestveit, med innleiing og merknader av Einar Molland. 1943.

Bokverk frå millomalderen

1. Einhard og Notker den stame: Karl den store. Omsette frå latin av Sigmund Skard. 1929.
2. Beowulf og striden om Finnsborg. Omsett frå angelsaksisk av Henrik Rytter. 1921/1929.
3. Fioretti – Heilag-sogor um Frans frå Assisi. Omsette frå italiensk av Eiliv Skard. 1930.
4. Jordanis: Gotesoga. Omsett frå latin av Sigmund Skard. 1932.
5. Tomas à Kempis: Um Kristi etterfylgjing. Omsett frå latin av Bernt Støylen. 1932.
6. Rolandskvedet. Omsett frå gamalfransk av Johs. A. Dale. 1934.
7. Latinske hymnor og sekvensar. Omsette av Ragnhild Foss. 1938.
8. Sekvensane i Missale Nidrosiense. Omsette av Ragnhild Foss. 1949.
Ikkje lenger utgjeve i samarbeid med Studentmållaget:
9. Vagantviser. Omsette frå latin av Sigmund Skard. 1964.
10. Dante: Den guddomlege komedien. Utval omsett av Henrik Rytter og Sigmund Skard. 1965.
11. EugippiusDen heilage Severin – eit livsbilete frå folkevandringstida. Omsett frå latin av Sigmund Skard. 1991.

I neste del kjem oversyn over Norrøne bokverk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar