Søk i denne bloggen

mandag 19. november 2018

Nordahl Grieg og Malcolm Lowry

Eg las nyleg In Search of Lost Books (Storie di libri perduti) av Giorgio van Straten. Det er åtte historier om forsvunne bøker. Bøker som er stolne, øydelagde, sensurerte – anten med vilje eller ved uhell. Historiene er om bøker av til dømes Lord Byron, Ernest Hemingway, Sylvia Plath, Nikolaj Gogol og Walter Benjamin. Det er ei nydeleg lita bok om bøker som kunne ha vore. Ei av bøkene er eit manuskript av Malcolm Lowry. Malcolm Lowry var sterkt inspirert av Nordahl Grieg, og den fyrste romanen hans, Ultramarine (1933), er kalt eit plagiat av Griegs Skibet gaar videre (1924)

Ultramarine er ikkje omsett til norsk, men Under the Volcano kom i Den gule serie på Gyldendal, som Under vulkanen (1949).

Nordahl Griegs roman Skibet gaar videre er på Bokhylla i mange utgåver, mellom anna i den varsamt språkleg moderniserte Skibet går videre (1948).

Bloggen Gutted Arcades of the Past prøver å laga ei encyklopedisk oversikt over livet til Lowry, og har ei rekkje postar med koplingar til Noreg i bøkene og breva hans.

National Film Board i Canada har lagt ut ein dokumentar om Malcolm Lowry, 
Volcano: An Inquiry into the Life and Death of Malcolm Lowry

Edvard Hoem skriv litt om Malcolm Lowry og Nordahl Grieg i Til ungdommen: Nordahl Griegs liv (1989):

På seinsommaren fekk Nordahl Grieg besøk av ein merkeleg mann. Den britiske forfattaren og bohemen Malcolm Lowry, som seinare vart berømt for romanen Under vulkanen, mønstra i slutten av august på den norske båten S/S «Fagervik» i Lancastershire. Båten skulle gå med ballast til Kvitsjøen. Men under vegs fekk kapteinen kontraordre, og mannskapet fekk oppgjer i handa da dei kom til Ålesund. Slik sat Lowry brått på ein kafe i den byen, utan særleg sjanse til ny hyre, da alle kapteinar helst ville ta ombord norske mannskap først. Malcolm Lowry hadde debutert som forfattar året før, med sjøromanen Ultramarine, som handla om hans eiga ferd med ein engelsk fraktebåt til det fjerne Aust fleire år tidlegare. Den reisa hadde han lenge vilja dikte om, men først da han ved eit tilfelle kom over Nordahl Griegs The Ship Sails On i New York i 1927, fann han ut korleis han skulle gjera det: Han lånte rett og slett heile sujettet frå Griegs roman, og kledde det berre inn med sine eigne røynsler. No sat han altså i Ålesund. Ved eit tilfelle kom han i kontakt med ein lektor frå byen som kjende Grieg personleg etter opplesingsturneen med Norge i våre hjerter, og lektoren visste kvar Grieg budde i Oslo. Malcolm Lowry reiste da til Oslo, drog opp i Bygdø allé, og banka på døra. Der stod helten personleg i døra. Dei gjekk ut på kafé og snakka saman. Neste dag møttest dei på vikingeskipa på Bygdøy, og kanskje var dei saman også ein tredje dag. Lowrys biograf, den engelske litteraturhistorikaren Gordon Bowker, vil også ha det til at dei var saman på ei framsyning av Atlanterhavet, og at Grieg fortalde Lowry utførleg om De unge døde. Det første kan ikkje vera tilfelle, for stykket var enda ikkje kome opp. Lowry trudde at Nordahl Grieg var eit geni, villig til å ofre livet for eit meisterverk. Dei snakka mykje om Rupert Brooke, og Grieg ville til Oxford for å arbeide vidare med materialet. Men Lowry vart for mykje for Nordahl Grieg, med sin uhandterlige alkoholisme og påtrengande sosiale stil. Nordahl Grieg orsaka seg med at han hadde det så travelt at han ikkje kunne treffe han meir. I denne situasjonen er det da Lowry skriv det lange brevet sitt til Grieg, som er å finne i Handskriftsamlinga på Universitetsbiblioteket. Brevet handlar for det meste om Rupert Brooke og om forhold i engelsk litteratur, men er først og fremst uttrykk for eit inderleg håp hos Lowry om å møte Nordahl Grieg igjen. Han endar opp med å forsikre om at han aldri skal gløyme at dei var saman og såg på vikingeskipa, og samstundes gjekk over til kviskring. Det er nesten ei kjærleikserklæring, frå ein mann til ein annan. Lowry var bifil og levde periodisk i homoseksuelle forhold. Han var full av mytar og overtru, fiksert på datoar og  andre ting som kunne ha ei hemmeleg meining. Lowry trudde sjølv at han var halvt norsk, og kalla hovudpersonen i Ultramarine Dane Heliot, fordi han trudde det var eit halvt norsk namn. Merkeleg nok fortalde han aldri til nokon at han hadde oppsøkt Grieg. Ikkje ein einaste av dei tallause kjeldepersonane som Bowker har snakka med i sitt biografiske arbeid, nemner møtet i Oslo. Likevel snakka Lowry uavlateleg om forfattaren Grieg. Han hadde faktisk fått Iøyve av Nordahl Grieg til å dramatisere Skibet gaar videre. Han kom til å vera i Amerika store delar av tida. Han såg straks ein magisk samanheng i at Grieg fall ned 2. desember, medan han sjølv hadde gift seg andre gong 2. desember tre år før. Meldinga om at Nordahl Grieg var død, nådde han først da huset hans var brunne ned på forsommaren i 1944 og han var flytta til ei lita hytte ved Niagarafossen. Meldinga om dødsfallet reagerte han på ved å seia noko slikt som: «He did it first.» I enda større grad enn Nordahl Grieg var han fascinert ved tanken på å bli ein av dei unge døde siølv. Han døydde først i 1957, anten av ein overdose med alkohol eller ved eit arrangert sjølvmord. Heile livet gjennom spela Nordahl Grieg ei merkeleg, magisk rolle, men ingen ting tyder på at Nordahl Grieg sjølv seinare var opptatt av kvar Lowrys vegar gjekk.
Georg Johannesen har ein passasje om dei to i sitt etterord til Ung må verden ennu være (1994):

Malcolm Lowry og Nordahl Grieg: En dyp og dyster kritikk av Nordahl Griegs eventuelle «personlighetsoppløsning» i og utenfor Ung må verden ennu være ble gitt av den klassisk skolerte og visstnok fordrukne Malcolm Lowry i hans tequilaroman: Under vulkanen (1947, 1949). Her er Nordahl Grieg selv blitt nøkkelfigur, modell, motdebattant og idealtypisk bakgrunnsfigur, fremstilt først som en engelsk pappagutt og kommunist, deretter som en umoden og ubevisst desertør fra den spanske borgerkrigen. Også Graham Greene interesserte seg for Nordahl Grieg: «In fact: he had charity». Men ble Nordahl Grieg mobbet til å fly over Berlin i en flyvende likkiste? Hvorfor? Og av hvem? Engelsk overklasse fungerer som Nordahl Griegs greske kor. Engelske intellektuelle forstod ikke i 1943 at Nordahl Grieg fikk lov av norske myndigheter til å fly over Berlin som krigsreporter. Dødsprosenten i en Lancaster 4 var enorm. Diplomaten Cunningham i Vår ære og vår makt og diplomaten Hugh Redfern i Ung må verden ennu være er to sikre normkilder. Koret synger: Norsk overklasse mangler alt, unntatt penger. Norske rikfolk har ingen fallhøyde. 1917: Bør nyrike treller fakkes og piskes til arbeid? En norsk hyene er ingen engelsk lord, tross dyre dresser fra London. 1938: Norske diktere er blitt kunnskapsløse poetokrater i Norges stadig mer unødvendige kulturdebatt i Norges stadig mer unødvendige, men radikale hovedstad. 1947: Malcolm Lowry gir i sin avgrunnsroman en gammelengelsk kritikk av Nordahl Grieg, som for ham også bare var en av de «Fremmede i Moskva». Malcolm Lowry oppfattet idealtypisk Nordahl Grieg som en overklasseturist på journalistisk reportasjeoppdrag i Dantes tre stjerneløse verdener. Om Nordahl Grieg var en lillebror av Dante, ble han aldri så kald eller kynisk som Ludvig Holberg eller Bertolt Brecht.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar